Inclusion har saman med Høgskulen i Volda og Volda Læringssenter i Volda kommune fått midlar frå IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) til å iverksetje prosjektet Jobbmentor – eit mentorprogram for flyktningar i språkpraksis hos verksemder i Volda og andre kommuner på Søre Sunnmøre. Prosjektet som skal gjennomførast i løpet av 2018 har som formål å vidareutvikle og teste ut mentorprogrammet Jobbmentor, eit mentorprogram som for skal gje mentorar i praksisverksemdene meir tryggheit i rollla som mentor samtidig som det skal gjere det enklare for menteane (flyktningane) å lære språk og norske arbeidslivskodeksar. Ein aannan del prosjektet blir å gjennomføre ein studie der det kartleggast korleis NAV i lokale kommunar på Sunnmøre jobbar for å få flyktningar inn i arbeid, korleis desse følgast opp med tanke på å bli varig integrert i arbeidsmarknaden samt å sjå på korleis denne overgangen kan gjerast meir suamlaust gjennom bruk av blant anna mentorordningar. Les mer om Jobbmentor her
På bildet er prosjektteamet (minus Bjørn Gunnar Tafjord, Høgskulen i Volda) samla i pausa på ei prosjektsamling i Ulsteinvik. Frå venstre Erlend Walseth (Høgskulen i Volda), Gunnar Andenes (Volda Læringssenter), Alf-Roger Djupvik (Høgskulen i Volda) og Paul Bø (Inclusion)